Bedre skole: I dette eksempelet har vi gleden av å presentere vår fjerde gjesteskribent, Tori Virik Nøvik. Tori er lektor og entreprenørskapsansvarlig ved Skåbu oppvekst i Nord-Fron kommune. I innlegget forteller hun oss om hvordan og hvorfor Skåbu oppvekst benytter entreprenørskap som læringsstrategi og hvordan deres entreprenørskapsplan likestiller ferdigheter og kunnskaper for alle barnehagebarn og elever.
Takk til alle som deler eksempelet i sosiale medier.

Les også:

1piksel

Gjesteinnlegg av Tori Virik Nøvik, lektor og entreprenørskapsansvarleg  

Foto: Anne Grete Bakkene

Redaktør Bedre skole: Alf Tore Meling (Mobil: 417 63 473)
Entreprenørskap i skulen – mål og grunnmur

Ved Skåbu oppvekst har vi arbeidd mykje praktisk med faga i ei årrekkje. For fire år sidan starta skuleutviklingsarbeidet mot å bli entreprenørskapsskule. Ved ein entreprenørskapsskule skal pedagogisk entreprenørskap danne ein grunnmur for all undervisning. Ved å arbeide på denne måten blir ferdigheiter meir likestilt med kunnskap, samtidig som elevane lærer kompetansar dei treng i framtida. Ved Skåbu oppvekst har vi ein eigen entreprenørskapsplan som sikrar dette for alle barnehagebarn og elevar frå 1.-10.klasse. I 2014 vart vi lansert som Norges første entreprenørskapsskule. Vi har fortsatt fullt fokus på entreprenørskap i skuleutviklingsarbeidet internt på skulen, men er også i gang med eit internasjonalt entreprenørskapsprosjekt i samarbeid med næringslivet i bygda (sjå siste avsnitt).


Entreprenørskap som læringsstrategi er ei framtidsretta, meir praktisk orientert undervisningsform der elevane i større grad arbeider med heile læraplanen, og styrker både ferdigheiter, kunnskapar og haldningar. I første omgang blir eleven meir motivert for å lære, i andre omgang blir eleven meir aktiv og engasjert i læreprosessen. Dette skapar meistringskjensle og læreglede. Vidare stimulerer denne undervisningsforma heile tida dei entreprenørielle kompetansane som elevane treng både nå og i framtida (sjå under). Ved å jobbe entreprenørielt får elevane moglegheit til å møte læringsmåla på nye måtar, og den generelle delen av læreplanen blir meir implementert i all læring. Det blir omtrent som å kaste læreplanen opp i lufta og sleppe han ned att; alt er der, men innhaldet dannar nye mønster og nye moglegheiter. Elevar som lærer entreprenørielt får på mange måtar eit kinderegg: Dei lærer på ein motiverande og engasjerande måte, innarbeider kompetansar dei har god bruk for i framtida og får meir fordjuping i læringa.

1piksel

Innlegget fortsetter under bildet

INNLEGGSBILDE-Sk-oppvekst.jpg

Her ser vi Tori Virvik Nøvik (to fra høyre, øverst) med elevene (Foto: Anne Grete Bakkene).

Føringar

Det er lagt føringar for at grunnskulen skal arbeide entreprenørielt gjennom stortingsmeldingar og forskrifter, og det er nemnt i fleire læreplanar for fag, og i læreplanens generelle del. Stortinget handsama St.meld. 28 «Fremtidens skole» førre veke, og gjekk inn for dette: «Stortinget ber regjeringen sørge for at innovasjons- og entreprenørskapskompetanse vektlegges og inkluderes i fornyelsen av fag og læreplanarbeidet». St.meld. 28 «Fremtidens skole» (NOU) har innovasjonskompetanse (dei nyttar dette omgrepet om entreprenørskap) som ein av fire grunnkompetansar. EU har entreprenørskap som ein av åtte grunnkompetansar i grunnskuleutdanninga, og Sverige har innført entreprenørskap som den sjette grunnleggjande ferdigheita på lik line med lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter.

Bakgrunn

Skåbu oppvekst ligg om lag 900 meter over havet og er Noregs høgstliggjande, bebudde fjellbygd. Bygda har vore prega av busetjingsnedgang, og vi ser at elevtalet har gått drastisk ned dei siste 10-15 åra. Vi meiner aldersblanda grupper er positivt for læring, og har gjennom ei årrekkje hatt lærarar som har undervist entreprenørielt utan at vi har vore spesielt bevisste på det. Da vi for 4-5 år sidan såg at elevtala framover var låge, og bevisstheita rundt kvalitetane ved entreprenøriell pedagogikk vart sterkare, bestemte vi oss for å satse vidare på dette for å få ein tydeleg og framtidsretta profil. Vi ville styrke kompetansa vår på eit felt som vi meinte måtte vere svært nyttig for elevane våre både i kvardagen og i framtida, og samstundes vere i særklasse når det gjeld å bruke pedagogisk entreprenørskap som læringsstrategi i alle fag. Med ein tydeleg profil og ein pedagogikk som styrkar elevane våre, vil vi vere eit «vindauge» for entreprenørskap mot andre skular/skuleeigarar og andre. Skulen spelar ei avgjerande rolle i små bygdesamfunn, og vi håpar satsinga vår kan vere med på å styrke bygdesamfunnet og busetjinga framover.

Først i Norge

I 2014 vart vi Norges første entreprenørskapsskule, og planen vår «Entreprenørskapsplan – Skåbumodellen»  vart lansert. Sentralt i planen ligg arbeid med eit årleg tverrfagleg prosjekt som vi kallar «lokalt tema». Her er det hovudfokus på å stimulere entreprenørielle kompetansar, nytte utvida klasserom og bli betre kjend i eige nærmiljø for å kunne sjå moglegheiter og gjere noko med dei – nå eller i framtida. Andre viktige innslag i planen er faglege ekskursjonar, faste bedriftsbesøk, samarbeid med Statens Naturoppsyn, sosiale tiltak i bygda som julemarknad og underhaldningskveldar, hjelpearbeid og elevmedverknad. Vidare har vi ein eigen modell for elevbedrift i ungdomsskulen. Alle har elevbedrift i tre år, ein time kvar veke. Dette gjev rom for å arbeide med både sosialt, innovativt og økonomisk entreprenørskap, og gje elevane eit betre grunnlag for å møte yrkeslivet i framtida. Skåbu er ei lita bygd med busettingsnedgang. På sikt er målet at skulen ved å «gjødsle» gründerspirer, kan få ungdom attende til utkantstrøk fordi dei ser moglegheiter og tør å gjere noko med dei.

1pikselAktivt bruk av nærmiljøet

Gjennom entreprenøriell tilnærming kan elevane i større grad velje læringsformer sjølv, og arbeide med læringsmåla i læreplanen ut frå eigne interesser og motivasjon. Det nyttast gjerne andre læringsarenaar enn klasserommet, vi er opptekne av at læringa skal skje i ei sosial kontekst og vi kan gjerne ha andre utgangspunkt enn læreboka.
Ved å bruke nærmiljøet og ressursar her (fagfolk, næringsliv, foreiningar, kultur, natur og anna), får elevane ei meir reell tilnærming til det dei skal lære, og føler at dei gjer noko nyttig – ikkje berre noko som leverast inn og aldri blir brukt meir. På denne måten aukar dei også identitetskjensla si, stoltheita over eigen bustad og får større kjennskap til moglegheitene som faktisk er her. På Skåbu oppvekst sine heimesider, eller på Facebook/Skåbu oppvekst og Elevbedriftene ved Skåbu oppvekst kan du sjå fleire døme på dette.

Internasjonalt entreprenørskapsprosjekt

Vi ønskjer også å styrke profilen vår mot entreprenørskap i skulen ved å satse på internasjonalt samarbeid. Vi er nå inne i pilotåret innan satsinga «Entreprenørskap og internasjonalisering ved Skåbu oppvekst». Satsinga er støtta med over ein halv million frå Oppland Fylkeskommune, og er eit samarbeid mellom Skåbu oppvekst og skular i England. Vi meiner internasjonalt samarbeid er viktig både for skulen, bygda og elevane. I framtida blir grensene enno meir utviska, og nettverksbygging på tvers av grensene blir meir og meir naudsynt. Språk, toleranse, innsikt og evne til å inkludere blir viktigare enn nokon gong. Målet er at entreprenørskapsskulen vår skal vere ein god og framtidsretta skule for våre elevar. Ved å ta i mot engelske skuleklasser her i ei periode kvar vinter vil det sosiale miljøet til elevane i ungdomsskulen bli større, dei vil lære språk på ein relevant og motiverande måte, bygge nettverk og oppleve læringa på ein ny måte. Dette er også erfaringar dei vil ha nytte av i framtida. I prosjektet samarbeider vi også med ein skule i London med liknande profil. Dette gir moglegheiter for kompetanseheving innan entreprenøriell pedagogikk på tvers av grensene, og utveksling av våre elevar og lærarar på sikt. Eitt av måla bak prosjektet er også å samarbeide med næringslivet i bygda for å bidra positivt til berekraftigheita i det vesle bygdesamfunnet vårt. Vi har samarbeidsavtale med ein lokal aktivitetsleiar for de engelske elevane som kjem til vinteren, og samarbeider med lokalt Bed & Breakfast om kost og losji. Skulen er ein viktig aktør i ei lita bygd. Entreprenørskapsprosjekta ved Skåbu oppvekst skal gi elevane våre ein motiverande skulekvardag og kompetansar dei treng i framtida. Samtidig styrkar vi skulen, og dermed også busettingsgrunnlaget i bygda vår.

Entreprenørielle kompetansar
  • Utforskartrong
  • Skapartrong
  • Kreativitet
  • Idéutvikling
  • Nytenking – tenkje ut av boksen
  • Stå i noko
  • Evne til å endre seg
  • Vilje til å ta ein risiko
  • Evne til å samarbeide
  • Sosiale ferdigheiter – toleranse – empati- sjå seg sjølv
  • Evne til å skape, og stå for, eigne meiningar, haldningar og verdiar
  • Evne til å reflektere og gjere naudsynte forbetringar
  • Løysingsorientert
  • Ansvarsbevisstheit
  • Evne til å sjå heilheit og samanhengar – tverrfaglegheit
  • Engasjement
  • Motivasjon
  • Evne til å ta initiativ
  • Sjølvtillit
Utfyllende informasjon
Om Skåbu oppvekst

Skåbu oppvekst har barnehage og skole for 1.-10. klasse. Samlet er det 50 barnehagebarn og elever. Ble Norges første entreprenørskapsskole i 2014.

Rektor: Ola Sletten

Kommune: Nord-Fron

Fylke: Oppland

Mer informasjon om Skåbu oppvekst

Facebook: Skåbu oppvekst og Elevbedriftene ved Skåbu oppvekst

Innlegget er skrevet av lektor og entreprenørskapsansvarleg Tori Virik Nøvik, ved Skåbu oppvekst. Du når henne på e-post: tno@nord-fron.kommune.no

1piksel

1pikselskjermbilde-2016-09-20-kl-17-26-25

1piksel1piksel

markeringslinje

Gode eksempler – har du tips?

Bedre skole setter fokus på det som faktisk skjer. Vi jakter derfor på de gode eksemplene som utføres konkret – her og nå – rundt om i vårt langstrakte Skole-Norge. Det er først og fremst eksempler om lærerne, elevene, foreldrene/foresatte, skolene, frivillige organisasjoner, etcetera, vi ønsker å synliggjøre. Bedre skole kommer ikke til å synliggjøre luftige planer og politisk retorikk. Vi leter etter hverdagsheltene og de konkrete tingene som faktisk gjøres.

Har du tips om gode eksempler Bedre skole bør synliggjøre?

Vennligst send tips:

E-post:

alftore.meling.bedreskole@ialloffentlighet.no

Skjema:

1pikselmarkeringslinje

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s