Bedre skole: I dette eksempelet har vi gleden av å presentere vår femte gjesteskribent, Anne-Merete Vabø Haugane. Anne-Merete er rektor ved Fjell ungdomsskule i Fjell kommune. I innlegget forteller hun oss om hvordan og hvorfor elevene forsker på plast i havet.
Takk til alle som deler eksempelet i sosiale medier.

Les også:

1piksel

Gjesteinnlegg av Anne-Merete V. Haugane, rektor ved Fjell ungdomsskule.

Foto/ toppbildet: Gisle Johnsen – The Dale Oen Experience
Foto/ innleggsbildet: Tor Aanen – The Dale Oen Experience

Redaktør Bedre skole: Alf Tore Meling (Mobil: 417 63 473).
Den store forskingscampen i havgapet

Hausten 2016 starta The Dale Oen Experience og Fjell ungdomsskule, i lag med Skulesjefen i Fjell kommune, opp eit spanande samarbeid knytt til valfag.  No i januar  2017 var dei på Camp–Gulen: Den store forskingscampen i havgapet, som har vore målet så langt.

Målet med campen er fellesskap og samarbeid og forsking. Dei skulle måle og rapportere på microplast i havet. Rapportar skal skrivast på engelsk og sendast samarbeidspartnarar.

PÅ campen som var 6-9 januar, hadde ei elvegruppe ansvar for å rigge og drive sjølve campen. Ei elevgruppe hadde ansvar for å hente ut prøvar frå havet og fjæra, medan den siste elevråda hadde ansvar for det tekniske utstyret som var mellom anna to ROV-farty, som elevane hadde fått frå NASA og bygd sjølv i løpet av hausten, samt fleire små droner. Også desse var bygd av elevane og nytta i oppdraget. Elevar fekk ta dykkarsertifikat for å kunne hente ut vassprøvar. Nokre elevar starta hausten med å gå ei helg på Hardangervidda for å lære om å anstrenge seg,  lære om å overleve ute, samarbeide og oppleve naturen.

The Dale Oen Experience og primus motor Robin Dale Oen

Camp-Gullen er etter ide og etter opplegg frå The Dale Oen Experience (TDOE). TDOE er leiar og fronta av Robin Dale Oen. Han har bakgrunn frå forsvaret og som personleg trenar for Alexander, broren sin.  Brørne var saman i tankane om å starte The Dale Oen Experience og Robin tok steget saman med viktige støttespelarar, straks etter at Alexander gjekk bort. Dalen Oen senteret er lokalisert et steinkast frå der brødrane vaks opp og er i lokalområdet til Fjell ungdomsskule.

TDOE inspirerte våren 2016 skulesjef og rektor til å vilje prøve ut å gje elevane eit utfordrande, tøft og reelt forskings oppdrag. Dette saman med naturopplevingar og erfaringane ungdommane våre kunne få med å samarbeide og ha nytte av kvarandre sine ferdigheiter og talent.

Praktikarar og teoretikarar gjer det best i lag

Særleg interesserte var vi å få gjere noko i skuleregi som syner både dei sterke teorihovuda og alle andre, at det er I LAG praktikarar og teoretikarar gjer det best. Det er ikkje slik at teoretikarar aleine kan gjere alt vi treng av innovasjonar og arbeid. Dette med perspektiv som til dømes Sir Kenneth Robinson forfektar:  Skulen og det akademiske systemet drep all kreativitet. Med det skjer det lite innovasjon og synergiane som kan utvikle verda, haltar. Det optimale i utdanningssystema verda over er at alle blir professorar, sier Robinson.

Det har ein stor kostnad for alt for mange elevar. Og det har ein stor kostnad for verdas evne til å gjere innovasjonar. DOE sine mål om å løfte fram praktikaren og teoretikaren, naturopplevingar og det mennesklege og faglege samarbeidet.

Då Robin Dale Oen vann  heideren «Frilutslivet ildsjel 2014», uttalte han:

«Det er i naturen man blir kjent med hvem man er og hvem man ønsker å være, og det er i mestringen man opplever at alt er mulig».

 

Innlegget fortsetter under bildet.

Her ser vi elevene sitte i ring, ute i naturen. Naturen er gold, og vi ser havet i bakgrunnen.

«Det er i naturen man blir kjent med hvem man er og hvem man ønsker å være, og det er i mestringen man opplever at alt er mulig». Foto: Tor Aanen – The Dale Oen Experience.

Eit stort kontaktnett og mange sponsorar

NASA sine unge forskarar har støtta prosjektet med teknologien TDOE nyttar i ROV og med rådgjeving knytt til val av utstyr.  Prosjektet samarbeider med Universitetet i Bergen , UNI Reaserch, Barenstsekreteriatet, PINRO i Russland , SCRIPPS i USA og NUI. TDOE har også fått bistand frå Statoil, BKK, Blom laks og Swire Seabed.

TDOE har altså eit stort kontaktnett og mange sponsorar. Det gjer at dei har ein enorm utstyrspark. Til dømes kunne dei stille med alt av nødvendige klede, sko, telt, soveposar, skyss, etc.

Det er unikt tilbod for ein skule som skal levere innan paradoksa: Trong skuleøkonomi, gjeldande gratisprinsipp for elevane, men samstundes skal undervisninga vere motiverande og praktisk/ variert.

I tillegg har DOE mange frivillige som gjerne vil bidra med det dei kan. Det gjorde at det ikkje var naudsynt for oss som skule å innehalde den kompetansen som måtte til for å klare å lage til Camp- gulen og innhaldet i faga undervegs.

Hovudansvarlege for faga og elevvurderinga

Skulen hadde ein lærar med god motivasjon på kvart av faga, og desse var hovudansvarlege for faga og elevvurderinga. Men dei fekk ekstra personale med seg frå DOE i alt som det var trong for undervegs. Til dømes kunne vi ikkje ha gitt elevane dykkarsertifikat, om ikkje eksterne DOE-folk var med.

Så verdisynet til  DOE, ressursane dei kunne tilby,  både menneskeleg og materielt, saman med skulen si inderleg lyst å betre balansere opplæringa vi gjev ungdommane i dag i grunnskulen, gjorde at vi inviterte med oss nokre kreative og praktisk kompetente lærarar og gjekk i gang med å finne ut korleis vi kunne få dette til i lag med DOE.

Tre valgfag

Vi valde oss ut tre ulike valfag.  Desse  var:

  1. Fysisk aktivitet og helse,
  2. Teknologi i praksis , og
  3. Forsking i praksis.

I alle klassane er det vel 20 elevar. Vidare har vi komprimert skuleåret for faget. Det vil seie at summen av dei 1,5 timane vi lokalt har pr veke i 38 veker, er gjennomført mellom haustferie og vinterferie. Dette for å få fleire timar i løpet av kvar veke.

Elevane har hatt helgetilbod og også Campen som valfrie aktivitetar. Det vil seie at timane dei skal ha er gjennomførte utanom. 52 av 62 elevar i faga valde/ kunne vere med på Camp-Gulen.

På Camp-Gulen, rapportering og evaluering

På Camp-Gulen, lokalisert tvers over fjorden forder det gamle Gulating låg, var det både travelt, og spanande. Det var eit elendig vær: Mykje vind og regn. Lærarane kom likevel glade attende og fortalde at ikkje ein av elevane klaga seg! Det er jo noko å tenkje over: Når elevane berre er engasjerte, involverte og ser meininga, så tåler dei det same som generasjonar før har tålt. Og dei gjer og kan ting som tidlegare generasjonar ikkje kunne. Nytte dronar og ROV til dømes.

På campen undersøkte dei både fjære og tok vassprøvar frå havet. I etterkan av campen skal rapportar skrivast og arbeid og innsats, læring og planlegging evaluerast.

At elevane då er med på å bidra til NASA si forsking er spannande for alle,- både elevar, lærarar og føresette synes dette er stort. Elevane har samstundes fått stor kunnskap om forsking generelt, om microplast i havet spesielt og kva trussel dette er  for berekraftig livsførsel. Og dei har som Robin Dale Oen sa: Dei har ved  utfordringar og mestring i naturen fått ei innsikt i kven dei er og kven dei ønskjer å vere. Og på vegne av eit «overakademisert» skulesystem.

Her var det  også andre elevar enn i skuledagen elles  som «steig fram». OG samstundes trong dei kvarandre sine styrkar.

Storsamling i Grieghallen

Den 9. februar  2017 inviterer også TDOE til storsamling i Grieghallen i Bergen. Fleire tusen elevar er inviterte. Dette saman med 25 russiske studentar og representantar frå den amerikanske skulesektoren. Temaet er Friendship through science and tecnology.  Førelesarar/ bidragsytarar er  Olaf Tufte, Samuel Massi, Marthe Haave (UIB), Damien Leloupe (Scripps Institution of Oceanografi, USA), Konstantin (PINRO, Russland), Knut Espen Solberg (-som vann ein internasjonal  innovasjonspris for utprøving av utstyr i arktiske strøk i 2016) og Fjell ungdomsskule.

Utfyllende informasjon
Om Fjell ungdomsskole

Fjell ungdomsskole har 517 elevar og ca 70 ansatte. Skolen har lenge vært opptatt av å ivareta skolen for både praktikere og teoretikere. Eksempelvis var ungdomsskolen pioner i faget Arbeidslivserfaring.

Rektor: Anne-Merete Vabø Haugane

Kommune: Fjell

Fylke:  Hordaland

Mer informasjon om Fjell ungdomsskole

Innlegget er skrevet av Anne-Merete V. Haugane, rektor ved Fjell ungdomsskule.

Du når henne på e-post: Anne-Merete.Haugane@fjell.kommune.no

1piksel

1pikselskjermbilde-2016-09-20-kl-17-26-25

1piksel1piksel

markeringslinje

Vil du bli gjesteskribent? Har du tips om gode eksempler Bedre skole bør synliggjøre?

Vennligst ta kontakt:

E-post:

alftore.meling.bedreskole@ialloffentlighet.no

Kommersielle aktører/ mulige samarbeidspartnere?

Vi får en del spennende henvendelser om gode eksempler fra relevante kommersielle aktører. Inntil videre har vi kun opplegg for å ivareta redaksjonelle innlegg. Vi ser imidlertid at det også bør tilbys et opplegg for de gode og relevante kommersielle eksemplene, som alle bør ha interesse av. Ta gjerne kontakt om dette.

Det er også kommet henvendelser om stillingsannonser for landets skoler. Det vurderes også å finne et opplegg for dette. Tanken i så fall er at stillingsannonsene må være relevante, interessante – og gi noe mer til leseren enn en tradisjonell og kjedelig stillingsannonse. Ta gjerne kontakt om dette.

Slikt samarbeide vil både innebære spennende og interessant innhold, samtidig som det vil kunne finansiere og sikre driften av Bedre skole.

 

E-post:

annet-innhold-bedreskole@ialloffentlighet.no

1piksel

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s